Kva veit du om kunsten i Sogn og Fjordane? Vi prøver å finne ut kor kunsten er, korleis kunsten vert presentert og kor interessant den er! Anne Viken og Frank Willy Djuvik tek deg med på ein tur for å besøkje kunsten i Sogn og Fjordane!

KUNSTsf2012 Tour sitt essay i Syn og Segn

kan de laste ned her i PDF.

Tittelen er “Ei reise i kunst og vrangvilje”.

God lesning og godt nytt år!

KUNSTsf2012 Tour - alle youtube-episodane samla, dedikert til våre fans og publikum

Teaser

Kva er kunst?

Vevringutstillinga

Intervju med Stig Eikaas

Media si rolle

Eikaas og Viken i fri dressur

Vi takkar for følge;) Og ønsker alle ei god jul.

KUNSTsf2012-tour - GRAND FINALE

Søndag 9. desember 2012 kl. 18.00 til 21.00, Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Etter ei 3 månader lang kunstreise i Sogn og Fjordane er det no på tide å konkludere. Anne Viken og Frank Willy Djuvik presenterer kunsten i Sogn og Fjordane frå eit publikumsperspektiv. Med oss til å konkludere har vi fått:

  • Fylkesdirektør for Kultur, Ingebjørg Erikstad
  • Distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen
  • Avdelingsdirektør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Morten Johan Svendsen

Vi presenterer funna våre, kjem med framlegg til forbetringar, og ikkje minst diskuterer korleis kunsten skal utvikle seg i Sogn og Fjordane framover.

Vel møtt på Kunstmuseet i kveld!

Her er spørsmåla Harry Mowatt meiner KUNSTsf2012 Tour er "freidige" som stiller:

Idag sa Harry Mowatt på NRK ettermiddagssendinga hos NRK SFJ at KUNSTsf2012 Tour er freidige som sender pressehendvendingar, og påstår vi har sendt same spørsmål til han som til musea og at han difor ikkje har svart. Men dette er feil;) Spørsmåla Mowatt ikkje ønsker å svare på, er heilt andre enn spørsmåla musea har fått. Les sjølv og sjå. Kanskje de kan svare der styreleiar for musea i fylket ikkje kan gjere rede for seg?

Her er spørsmåla styreleiar i musea i Sogn og Fjordane ikkje greier svare på. Spørsmåla vart sende 18.oktober, altså for over ein månad sidan. Idag er det 21.november.

Har styret rutinar for å følgje opp at leiinga ved musa i Sogn og Fjordane føl opp den vedtekne strategiplanen (http://sfj.museum.no/sites/sfj.museum.no/files/vedlegg/15/strategiplan_2011_-_2014.pdf)? Har styret gjort evalueringar på om tiltaka i strategiplanen er gjennomførd på ein tilfredsstillande måte og resultata av desse tiltaka? Har styret gjort vurderingar på om det vil være føremålsteneleg å styrkje formidlingskompetanse som kan arbeide ved sidan av kunstnerisk leiing, for å sikre meir målretta publikumsutvikling? Har styret klare publikumsmål for institusjonane som vert kommunisert tydeleg til leiinga, både med tanke på totalmål, inkludering og nye publikumsgrupper? Har styret vedteke ein mediestrategi for Musea i Sogn og Fjordane, og kva er hovudtrekka i denne? Meiner styret at dei enkelte musea har eit ansvar i å gjere institusjonen sin kjend og skape interesse rundt innhaldet i media? Kor mykje vert sett av til marknadsføring i budsjettet for musea kvart år? Er styret sitt ansvar bevisst i å stille krav til at det vert gjennomførd målretta publikumstiltak og andre tiltak for å styrkje merkvaren til institusjonane og skape interesse rundt institusjonane? Er det noko av styremedlemmene som har formell marknadsføringskompetanse?

Mowatt sa på NRK at han ikkje har svart fordi musea har svart, men som de ser er spørsmåla vi sende til musea heilt andre spørsmål:

Her er spørsmåla vi stilte til musea i Sogn og Fjordane, og som det tok dei 38 dagar å svare på:

1. Har institusjonen ein føremålsparagraf, og er inkludering ein av hovudmålsettingane i denne paragrafen?

2. Korleis arbeider institusjonen med målretta publikumsutvikling?

3. Har institusjonen god kunnskap om eige publikum, altså kven dei er og deira preferansar? Er det gjennomførd undersøkingar på dette?

4. Er eventuelle publikumstiltak evaluert etter spesifikke, målbare, avtalte, realistiske og tidsbestemte mål?

5. Har institusjonen gjort vurderingar på om endring av opningstider eller lokalisering kan bidra til auka inkludering?

6. Er det gjort undersøkingar på korleis merkevaren til institusjonen er blant publikum og innbyggjarar?

7. Har institusjonen vurdert og/eller gjennomførd spesielle tiltak for barnefamiliar?

8. Har institusjonen ein klar digital strategi, og kva er den?

Eit museum for framtida

Morten Johan Svendsen, vil at kunst skal skapast på museum, ikkje berre stillast ut der. Han meiner og at kunstmuseet er eit mediealternativ til lokalavisa, og at publikumsarbeid berre er ein liten del av det eit museum skal drive med. KUNSTsf2012tour har intervjua direktøren ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Les heile intervjuet her.

Av Frank Willy Djuvik

Det er lyst og fint i dei nye administrasjonslokala til Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Mens eg ventar på audiens hos direktøren sjølv, Morten Johan Svendsen, så kikkar eg litt i tidsskrifter, kunstblader, gamle katalogar og avisutklipp. Frå ei opa dør høyrest lystig nynning frå utstillingssekretær, Fridtjov Urdal. Klokka er blitt ti over to, og sjølv om eg hadde avtale med direktøren for ti minuttar sidan, så sitt han framleis i telefonen.

Det er andre gongen at vi har prøvd å intervjue Svendsen. Første gongen fekk vi beskjed om at han ikkje ville la seg intervjue av amatørar til slike web-greier. Andre gongen klarte Anne Viken, etter litt diskusjon om tidspunkt, å få booka eit intervju. Problemet er at Anne, som er journalisten av oss, sitt fast i artikkelskriving for NRK, og har gitt beskjed om at ho ikkje kan være med på intervjuet.

Etter litt småprating med Fridtjov om Stig Eikaas sitt kunststunt i Førde same dagen og Anne Viken si manglande evne til å komme tidsnok, så går døra til direktøren opp. Eg tek med meg kamerautstyr og mikrofon og går mot døra. – Ehm.. Eg har ikkje sagt ja til å verte filma, seier Svendsen. – Åh, seier eg, men du visste vel at vi dreiv med eit filmprosjekt? Litt vanskeleg å intervjue deg til eit filmprosjekt viss eg ikkje kan filme. – Nei, eg har ikkje behov for å verte filma, seier han. Lettare panisk innser eg at eg vert nødt til å skrive heile intervjuet, og at eg berre har eit A4-ark i lomma å skrive på.

Litt irritert

Svendsen verkar litt irritert, så eg konkluderer med at eg ikkje skal spørje om eg kan få eit papir å skrive på. Eg kan jo fort verke uprofesjonell når eg kjem til eit intervju utan skrivesaker, til tross for at eg trudde eg skulle gjere intervjuet på video. No er nok både eg og Svendsen smerteleg klar over at eg ikkje er journalist, så det er jo ikkje sikkert at eg kunne verka meir uprofesjonell enn eg allereie gjer uansett.

Når vi har sett oss vel til rette i kvar vår stol, og eg har konstatert at Svendsen eigentleg ynskjer å få dette unna så fort som muleg, i og med at han ikkje eingong byr på kaffi, så er han rask med å spørje om kva prosjekt eg og Anne Viken held på med. Før eg får forklart ferdig at det er eit prosjekt for å sette fokus på kunst og kunstdebatt frå eit publikumsperspektiv, vert eg avbroten av Svendsen med; – Det er ikkje eit kunstprosjekt, de er ikkje kunstnarar! – Nei, svarar eg, det er ikkje eit kunstprosjekt, det er eit prosjekt om kunst!

Då endrar plutseleg alt seg! Svendsen lyser opp, og stemmeleiet endrar seg. Eg ser til og med spor av eit smil i skjegget. Det er tydeleg at Svendsen var litt bekymra for at vi skulle prøve å bevege oss inn på hans domene med å definere og produsere kunst. Det er hans felt! Og etter denne avklaringa vert Svendsen vesentleg meir snakkesalig der han engasjert fortel om hans tankar for utviklinga av Sogn og Fjordane Kunstmuseum på klingande bergensdialekt.

Direktør i 10 år

Morten Johan Svendsen vart tilsett som direktør for Sogn og Fjordane kunstmuseum i 2002. På fylkeskommunen sitt kulturnett, kan vi lese at dette var Svendsen si første faste stilling i livet. Men det betyr ikkje at han ikkje har erfaring. Han hadde ei rekkje med åremålsstillingar og prosjektstillingar overalt i landet før han kom til Sogn og Fjordane. Innan kunstformidling har han vore alt frå assistent på Møre og Romsdal Kunstnarsenter, til omreisande med vandreutstillingar, prosjektleiar, kunstanmeldar og dagleg leiar. Han har vore engasjert i å byggje opp landbruksmuseum i Romsdal, bygdemuseum i Sandefjord og Samisk Kunstmuseum. I forkant av OL 94, jobba han og for Lillehammer kommune, for å mobilisere det lokale kulturlivet før storhendinga.

På Kulturnett kan ein lese at Svendsen er utdanna agronom og har arbeidd i primærnæringa. Men så har han i tillegg studert kunsthistorie, etnologi og geografi frå Universitetet. Studia vart riktignok ikkje fullførte fordi det var meir interessant å auke kompetansen gjennom arbeidslivet enn å støve ned på eit fakultet.

At Svendsen er kunnskapsrik om kunst, kunstretningar og kunsthistorie trur eg i høgste grad på. Her eg sitt vert eg overvelda av ord som avantgarde, futurisme, dadaisme og andre –ismer som eg ikkje klarer å skrive rett. Svendsen snakkar engasjert om ein nihilistisk og anti-estetisk samfunnskritisk aksjon mot det etablerte Frankrike på 1920-talet, som fekk utløp i ein massiv kunstproduksjon av både biledkunst, litteratur og performance. Eg lurer på om Svendsen bevisst prøver å få meg til å verke dum, eller om han har oppdaga at eg berre har eit papir, som raskt fyllast opp med stikkord og veldig lita skrift, men innser raskt at han faktisk er svært engasjert og entusiastisk i det han formidlar.

Museet som ei speidargruppe

Då eg endeleg får stilt spørsmålet eg har hatt lyst til å spørje Svendsen om i fleire veker, nemlig kva er den store kunstfaglege skilnaden mellom å drive museum i dei gamle lokala på Prestebøen kontra i det nye kunstmuseet i Førde sentrum, begynner han å presentere sine tankar om korleis han meiner at kunstmuseet skal bidra i arbeidet for å drive haldningsskapande arbeid i samfunnet framover. Humoristisk samanliknar han museet med ei speidargruppe. – Vi skal produsere nye haldningar i samfunnet, seier han, vår oppgåve er å påverke publikum om kva som er kunst og la dei sjå noko dei aldri har sett før.

No lærer eg og kva avantgarde betyr. For Svendsen forklarer at avantgarde betyr å være forut for si tid, og nettopp det skal kunstmuseet være. – I tillegg til å bevare og samle, så skal vi bane vegen i samfunnet og være med på å skape framtidas haldningar og uttrykk, seier han.

For der eit tradisjonelt kunstmuseum ventar på at kunsten vert produsert, og deretter samlar inn og stiller ut, vil Svendsen at kunstmuseet skal innta ei aktiv rolle i sjølve kunstproduksjonen. Han meiner at dette er ein ny tanke i nasjonal og internasjonal samanheng, der kunsten skal skapast på museet. – Publikum skal kunne følgje prosessen fram til sluttresultatet og det ferdige kunstverket, og dette vil føre til heilt nye typar opplevingar, seier han.

Direktøren for kunstmuseet er svært oppteken av kunstnarane i fylket, og det er nettopp difor han ynskjer at kunstmuseet skal ta ein meir aktiv rolle i kunstproduksjonen. Han meiner og at museet har ein rolle i å vise fram kunstnarar som ikkje klarar å komme til kommersielt. – Nokre kunstnarar slepp til kommersielt og står støtt på eigne bein, men museet må og ivareta ytringsfridommen til dei som ikkje er salgbare men likevel interessante.

Og dette med ytringsfridommen meiner Svendsen er viktig! – Når ein snakkar om at alle må være i media og i sosiale medium, så skal ein hugse på at museet er eit medium, og direktøren er redaktør. Det er berre på museum at du kan oppleve møtet mellom det autentiske kunstverk og betraktaren (publikum), der menneske kan oppleve ytringar gjennom kunst. Og då må vi og bevare ytringsfridommen og ikkje berre sleppe til dei få store, seier han.

Museet som sitt eige medium

Når Svendsen fint glir over på å snakke om lokalmedia, begynner eg for alvor å verte tom for plass å skrive på, spesielt sidan Svendsen kjem med nokre ganske interessante betraktningar om media. – Kunststoff vert ikkje prioritert verken i dei lokale avisene eller dei store avisene, og det er beklageleg. Fagleg kunststoff må ein no lese om i fagblad og på nettet, og spesielt i «Biledkunst», seier han. Han meiner og at lokalmedia i mange samanhengar ikkje ivaretek sitt samfunnsoppdrag, som dei faktisk får pressestøtte til å ivareta. – NRK ivaretek for eksempel ikkje si informasjonsplikt når dei ikkje eingong klarer å få inn på rikssendingane at vi opna det første nybygde kunstmuseet i Norge sidan 1994.

Direktøren har ein tanke om at når nytt nettverktøy kjem i bruk, kan dei om ei tid gå over til å være utelukkande sitt eige medium, utan å måtte tenkje på lokalpressa. – Vi bruker framleis annonsering i lokalpressa, men ein kan jo lure litt på kor stor effekt ein annonse om ei utstillingsopning gøymt mellom annonser for livdyrauksjonar og bingo har.

Samstundes åtvarar han mot å tru at alt kan presenterast på nett. – Gjenstandsformidling høyrer ikkje heime på ei datamaskin, men vi skal verte flinkare både med presentasjon og informasjon på nettsidene og i sosiale media, lovar han.

Fokus på publikumsutvikling?

Når eg berre har ein liten lapp igjen å skrive på, så spør eg Svendsen om korleis han arbeider for å oppfylle overordna politiske føringar om publikumstiltak frå Fylkesting og Stortingsmeldingar. – Eg har ikkje skrevet noen stortingsmelding, og det er en uinteressant problemstilling som vi ikkje jobbar med. Dette er eit feilslått estimat av eit resultatmål som tek fokus vekk ifrå det vi skal drive med. Dette burde politikarane som har utforma måla, formulert annleis, seier han tydeleg brydd., seier han tydeleg brydd.

Eg prøver meg frampå med eit spørsmål om ikkje det er viktig med mest muleg publikum. – Vi jobber ikkje med det, og eg vil anslå at publikumsutvikling er bare 1/8-del av de oppgavene vi skal utføre som kunstmuseum. Viss målet er mest muleg publikum, skulle vi gjort noko heilt anna enn vi gjer i dag, då skulle vi heller hatt utstillingar i Oslo, Bergen og New York. Vi kan ikkje hjelpe for at Sogn og Fjordane er det nest minste fylket i landet, og dessutan har vi jo oppnådd publikumsmåla ved etableringa av Sogn og Fjordane Kunstmuseum i sentrum av Førde, seier han.

Sjølv om eg no var heilt tom for papir å skrive på, så måtte eg berre spørje om noko som eg er svært nysgjerrig på. Eg har spurd mange det same spørsmålet, og fått mange forskjellige svar. Korleis bedømmer ein kunst? Og kva er det som gjer at kunstmuseet og direktøren anerkjenner noko som kunst? Og Svendsen er faktisk den einaste som har svart utan å eingong tenkje seg om. Det er tydeleg at han har tenkt nøye igjennom det, og tek slike val kvar einaste dag: – Stil, Handverk, det må representere noko nytt og kunstnaren sin identitet.

Når eg takkar for meg, etter nesten ein time med Svendsen, og ruslar nedover korridoren akkompagnert av nynninga til Fridtjov Urdal, tenkjer eg at Morten Johan Svendsen eigentleg er ein ganske hyggeleg kar, med mykje kunnskap om kunst og kunstformidling. Og han er utan tvil ein person som kan forme ein institusjon for kunst og kunstnarar, men om det vil være til publikum sitt beste er eg noko usikker på. Berre framtida vil vise det!

Ei reise i kunst og vrangvilje

KUNSTsf2012 Tour har ein kronikk på trykk i dagens BT. Den kan de lese her

Kronikken er ein forkorta smakebit på essayet som står på trykk i Syn og Segn. Syn og Segn kjem ut torsdag 15.november.

Glimt frå vår tour.

Stig Eikaas og Anne Viken i fri dressur

Av alle sprø ting vi har opplevd når vi har holdt på med prosjektet KUNSTsf2012tour, så er nok dette det sprøaste. Når i tillegg Oddvar Torsheim dukka opp, var galskapen komplett

  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande — Hans Sande med frittgåande veitagrev
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande
  • Hans Sande

Jakten på kunsten - Ep. 4 Media si rolle

Har kunstmusea strategiar for å nå eit yngre publikum?

Lørdag var det opning av ei utstilling med Jens Hauge på kunstmuseet i Førde. KUNSTsf2012 Tour var sjølvsagt der, og det vi la merke til var den høge publikumsalderen. Vi var, praktisk talt, blant dei yngste som var der.

Anne Viken

Ei veldig flott utstilling av ein spennande (og ikkje minst svært hyggeleg!) kunstnar. Hugs også å svare på vår survey om kunst- og kulturbrukarar i fylket. Om ein finn ut meir, kan ein sei noko om både publikumsgrunnlag og -strategiar. Vi har alt mange resultat, men treng stadig fleire svar for betre grunnlag. Det tek fem minutt. Surveyen ligg her

Eg talde 150 publikum som var inne i salen og høyrde på opningsinnlegga denne dagen. Det varte omtrent ein time, mot annoserte tretti minutt, med lydanlegg der lyden ikkje var skrudd spesielt høgt på. Det var vanskeleg å høyre alt som vart sagt, mange klaga på dette, og innlegga var, som også mange påpeikte, altfor lange. Her er mange ganske grunnleggande presentasjonsgrep som ikkje sit endå, men det kan hende kunstmuseet på sikt finn volumknappen og klubba for å snappe ned innlegg til passe publikumslengde, tekniske greier er svært lett å fikse opp i.

For igjen, kva gjer kunstmusea for å nå ut til eit yngre publikum?

Som du ser av bileta, mykje grått hår i rekkene. Det er ein svært høg gjennomsnittsalder på publikum ved kunstmusea, og dette kan blant anna skuldast ikkje-målretta publikumsstrategiar. Vi vil påpeike viktigheten av å bruke digital kompetanse for å nå publikum, men er usikre på om dei eigentleg bryr seg om slikt, om vi ser på websidene. Det er eigentleg vanskeleg å forstå at musea ikkje, i 2012, prioriterer websatsing i møte med publikum, all den tid dette er gratis og raske løysingar kven som helst kan lære seg.

Her ser vi Frank og direktøren for kunstmusea og dei kulturhistoriske musea i fylket, Anne Marie Førde. Skal vi tru Førde, er dette noko dei jobbar med å få til, men ikkje har nokon klar plan for på noverande tidspunkt. Det er i grunnen litt besynderleg. Teknologien ligg der, lett tilgjengelig, og det er, som før påpeikt, verken dyrt eller tidkrevande å nytte seg av. Kan det skuldast høg alder blant dei som organiserer? Kanskje. Er ein ikkje van med digitale medier, ser ein kanskje ikkje verdien, men så subjektiv kan ein ikkje vere. Ein må vere profesjonell, og dette manglar det, per dags dato, mykje på at ein er i publikumssatsingane.

Vi har før vore inne på dårlege nettsider.i denne bloggposten

Følg med. Torsdag kjem ein ny episode på YouTube. Gratis, enkelt og når mange. Og ikkje minst, det er ein arena der yngre segment befinn seg.

KUNSTsf2012 Tour

Følges av 11 medlemmer.
Origo KUNSTsf2012 Tour er en sone på Origo. Les mer

Annonse

Nye bilder